søndag 30. desember 2012

Eit nytt år

Me har hatt ei roleg og god jol saman med familien, og ete masse. Som me alltid gjer i jola! ( og elles)
Og snart møter me eit nytt år. Nye, kvite dagar ingen veit kva vil bringe, men me vonar dei blir gode, og planane for hus og heim er mange. Som de ser manglar det framleis litt pirk på fasaden av huset, stoga er på god veg til å bli ferdig, på låven står nyyydelege flisar til gangen og Sjaven planlegg kvar ledige stund bygging av snikkarverkstad, med baksterom til meg:-)


Med andre ord mange ting å ta fatt på, men er jo det me menneske er skapt til. Å skape.Å byggje sin eigen heim bit for bit inni og utapå.

Så riktig godt, godt nyttår til deg, kjære lesar og dei beste ønskje frå kon om eit år fylt med evne, vilje, mot og ikkje minst glede til å skape, både med hendar og hjarte!




torsdag 22. november 2012

Å, kor eg gledar meg til jol!

  
Jol nærmar seg veldig, og eg gledar meg så! Eg elskar tradisjonar og alt styret som høyrer til denne høgtida; vaske, rydde, bake, pynte, pakke, lage...
Når det gjeld pynting av heimen, skjer det forandringar kvart år. Her er eit bilete frå 2009, men i nyaste Lev Landlig kan du sjå eit jolepynta hus av nyare dato!

Hugs at førjolstida skal nyyytast!
Sjova

mandag 3. september 2012

Byggjestøvet har ikkje før lagt seg...

...før det på`n att igjen!


 Det var ein gong ein kvit vegg... Fin å sjå på, med nydeleg, smal panel, men bak han ikkje antydning til isolasjon. Berre god, gamaldags luft! Mange dreg seg i håret av folk som riv slikt, og det må dei gjerne gjere for meg. Eg har friskt i minne alle vinternettane kor senga kons( og nattkleda mine) frossa fast i veggen og iskalde vindar blafra gjennom stoga. Famn etter famn med ved i omnen som varma ei lita stund før det på ny vart like kaldt. No går me heldigvis ein varmare vinter i møte!


Og ikkje berre får me ei varmare stoge, men ei ljosare au! Her har me sett inn eit trippelt vindauge som gjer utruleg mykje med romkjensla. Den beste utsikta mot bygd og fjell er denne vegen au!

Me må berre høgge litt skaug fyrst:-) 


Isolering pågår, og ute skimtar de eit villniss av ein hage. Ei balkongdynn er under teikning her i heimen, og når stoga opnast ut denne vegen er prosjekt hage uunngåeleg. Ikkje særleg trygg på slike grøne prosjekt, men har heldigvis ein lang vinter å planleggje på... 

Slik er altså stoda her kor ein heim stadig blir til. Slitsamt når det stend på, men som nemnt så mange gonger før er det godt ein gløymer fort. Og om ikkje lenge (sett i eit livsperspektiv) vil det vere tapetsera veggar her i stoga med spennande, låg brystning, nytt tak, plassbygde bokhyller og verandadynn. For ikkje å gløyme ljos og varme!

Framleis god veke, og TAKK TAKK for alle koslege kommentarar og besøk på bloggen!
Set stor pris på det:-)

Sjova


søndag 24. juni 2012

Sommarlukke


Å, som eg har ønskja meg eit kvitt,gamaldags turkestativ! Og no har eg fått det, lukke over lukke! Vask av klede er rett og slett moro om dagen, iallefall når veret er fint som her...
Flotte stativet er det Sjaven som har laga til meg. Legg til merke detaljane; den mannen veit å gjere seg flid!Og å gjere kjerringa glad:-)


Eg har vore godt på veg med å sy ein pose til treklypene mine, men då eg fann den her nydelege linposen, vart det prosjektet raskt avslutta. Her heng eg altså klypene medan diverse loppisdukar flagrar i vinden og hyllar seg inn i den friskaste luft. Det beste med å turke vask ute er jo nettopp lukta...


På ein gamal taburett står korga eg brukar til klesvaska. Perfekt storleik, nydeleg form og handverk, og full av historie- som det meste her på bruket. Mon tru kven og kva ho vart bruka til før eg fann ho på bruktmarknaden i bygda? Korga er iallefall eit smykke som gjev kvardagssyslane eit ekstra lyft!


Me har feira eittåringen kons og bursdagsvimpelen får hengje ut sommaren, blir rett og slett glad av å sjå på han! Plassen under treet er ein draum i steikande sol, og sjølv om dei førre eigarane knapt nok otte eit hagemøbel, har eg funne skår av gamle porselenskoppar som tyder på at fleire enn kon har tatt pauser i skuggen her. Om berre omgjevnadane kunne tale...

Er du i sommarmodus? Her kjem sommarlukka på eit blunk berre regnet lettar og eg kan hengje ut ei ny kvitvask:-)
Ha ei strålande veke!

Sjova

fredag 18. mai 2012

Nytt gamalt


Andre etasje i huset kons er snaaart ferdig, og sjølv om det har tatt litt tid er det eit utruleg stykke arbeid som er lagt ned. Frå å klatre i stige og balansere på bjelkelag for ikkje å trø i gamal glasvatt og musedrit, til dei lune romma me no har, er endringane enorme og me kan mest ikkje hugse kor ille alt var, Og godt er kanskje det?!

 
Sidan denne delen av huset hadde stått uferdig frå huset blei bygd, var det heller ikkje mykje gamalt bygningsmateriell å ta vare på. På låven kons stod det riktig nok lagra dynnar som truleg var tiltenkt andre etasjen, men dei uprofilera spondynnane av enklaste sort nyttar me no til heilt andre ting! I staden har me sett inn gamle dynnar i heiltre med same profil som i resten av huset.


Gamle møbel var det heller ikkje mykje av her på bruket då me overtok. Mange gardar i Vest- Telemark bugnar over av rosemåla historie, og opphaveleg har det stått flotte klenodie også her på garden, pryda med gamal måleteknikk. Men sidan slikt går i familiearv, har me skaffa kon eigne, gamle møblar. Noko som i grunn aldri har vore eit  problem for Sjova! Som det her skåpet. Stygt for nokon, men herleg i mine auge. Litt slik rosemåling på gypsy-vis. 


Litt måling av gelender og stolpar, nokre lister samt tapet på den kvite veggen midt imot, står att før me kan seie kon FERDIG. Og eg kunne skrive ei heil bok om val av tapet trur eg, men tilslutt skar eg gjennom mi eiga valvegring og enda opp med det fyrste tapetet eg vurdera! Som forøvrig er ganske så tradisjonelt og lite spennande...Fint blir det uansett og med ein antikk ljosekrone hengane ned frå takbjelkane er me så godt som i mål! ( Og milevis frå utgongspunktet!)

Ha ein strålande helg!
Klem frå
Sjova
 

søndag 1. april 2012

Herleg påske!


Ein aldri så liten tur innom for å ønskje alle ei fantastisk påske med alt kva godt er! Her tek me ikkje ferie rektig enno, men fjell og late dagar med familien ventar. Og fram til då blir det jobbing i entreen kons- gledar meg så til å syne bilete derifrå! Etter påske;-)

Påskeklem frå
Sjova

tirsdag 13. mars 2012

Herleg bloggtreff


Forrige veke var eg så heldig å få besøk av desse herlege jentene, Marie frå Livet i Fattighuset og Liv med bloggen Livs Lyst. For eit års tid sidan troppa Liv og eg opp i Holmestrand og fekk sjå det fantastisk sjarmerande og unike stykke renoveringsarbeidet Fattighuset live, og du kan tru det var stas! Og ikkje mindre stas var det å møte Marie i levande live;-) Og no stod jammen ho og mi kjære venninne Liv på tunet i Seljord. 


Nydeleg rosebukett og spennande laukblomar hadde dei reisande med seg til gards, og det var som å få heile våren rett inn i kjøkenet. Av både skjønne menneske og grøne vokstre.
Sjå på dei underfulle knoppane! Fasinerande kva for ein fargeprakt som ligg skjult her...


Etter litt mat og (mykje ) skravling gjekk turen over heia, til plassen Liv& Thomas har kjøpt. Og at nettopp dei har planer for dette herlege bruket, er for kon uverkeleg spennande. Berre ein kort biltur ( eller lengre fottur) og vips har me gode vener frå byen HER, i kons "nabolag". We like alot! Og pågangsmoter deira er det ikkje noko i vegen med:-)


Men med eit herleg bur som dette, ein rett og slett rå utsikt( som øvste bilete), herleg tømra hus og fjos, har eg ikkje problem med å skjøne kvifor dei vil satse på denne plassen. Og om det fylgjer eit lite stykke arbeid med på kjøpet, er eg ikkje i tvil om at dei kjem til å få det til.

Bilete frå heimen kons denne utruleg koselege bloggtreff-dagen må du til gjestane mine for å sjå, her og her.
Og når det gjeld innlegg generelt, har eg fått eit par blogg-utfordringar frå Marie, så du skal ikkje sjå bort ifrå at det blir litt hyppigare statusrapportar herfrå. For det skjer jammen litt av kvart...

Ha ein strålande veke vidare.
Sjova
Related Posts with Thumbnails