mandag 31. august 2009

Hjarte i huset

Noko av det fyrste me tok tak i her på bruket var kjøkenet.
Eller det vil sei at me måtte lage eit. Heilt fantastisk at denne lille benken
var dei forrige eigarane si kjøkeninnredning! Eg elskar formen på han,
kledd i fas-panel med samme fargen som veggane,
og med superenkle, men desto meir sjarmige hasper til dynnane.



Det er sjeldan eg kviar meg for å dra brukt og gamalt inn i huset,
men denne benken hadde gjort sitt... Han er likevel ikkje kasta;
står på låven og ventar på å gjere nytte ein ny stad. Idear tas imot med takk!



Romma i huset er små, men då eit lite kjøken ville vore uutholdeleg for Sjova(og Sjaven)
reiv me ned ein vegg; og vips blei to til eitt.
Høyres nok enklare ut enn det var- hugsar enno eg aleine
måtte støtte ein ståldragar på x antall kg for beringa si skuld mellom romma,
medan Sjaven låg på loftet og prøvde å skru han fast!

Då veggane i huset er isolert med god, gammal ....luft(!)
blei beslutninga om å rive innekledninga, isolere etter Norsk Standard
(eit ord eg ikkje likar altfor godt) og panele på nytt i same stil, tatt.
Hadde vel ein romantisk draum om å behalde alt slik det var- tenk så godt blomane hadde lika seg i dei trekkfulle vindauga:-) Er imidlertid glad for dei nye veggane idag.
Vinterane i Telemark kan bli bra kalde, og du verda kor me kosar kon på det lune , nye kjøkenet.


Ja, bygging er iallefall noko eg, og me har lært mykje om dei siste åra. Trass slitet er det jo ein utruleg glede å kunne sei at ein har gjort ALT sjølv; ingen innleigde handverkarar her. Enn så lenge:-)





Vonar du kjem attende for å sjå meir av korleis heimen kons har teki form.


Måtte dagen din bli god:-)


Sjova

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails