tirsdag 15. september 2009

Eit skåp til glede



No om dagen jobbar Sjaven for det meste ute på fasaden, og eg med "dill" inne. Sjølv om eg ikkje er god på snekring og anna grovarbeid på huset, blir jo ein heim til av møblar, gardiner, ljos og blomar også. Eller kva?

Møblar til oppbevaring er alltid ei utfordring, og eg er meir eller mindre konstant på jakt etter dei. Når ein pr. dags dato har lite plass, må løysingane vere best mogleg, og det skadar heller ikkje at dei ser bra ut:-)



Det her skåpet fann eg ein dag i vinter hjå den berømmelege Skrotnisse!
Eg byrja grundig med skraping og pussing,men halvvegs fann eg ut at eg ikkje ville måle likevel og sidan har det vore som det er.
Slitt og kvitt;-)

( ups...rot!)

Det manglar glas, noko eg vil prøve å få sett inn snart. Fram til då funkar eit stoff frå Grønland perfekt. Eit hjarte frå Kid pyntar opp. Skåpet treng eit handtak, men eg har enno ikkje funne det perfekte. Tips meg gjerne!



Skåpet står på gjesterommet, " Det blå rommet" for kon som bur her, og huser for tida diverse sengetøy og stoff. Sjaven må nok til å lage hyller ein gong, men det tek me ein snøfull og kald vinterdag!



Ein heim blir til; både inni og utapå om dagen. Er i planleggjingsmodus til me snart skal byrje på soverommet kons, og må sei eg gledar meg til å flytte ut av stua!
Likevel, utruleg kva ein finn seg i berre ein veit at forandringar kjem ein dag der framme.

Og godt er det:-)

Ha ein god haustkveld, kjære du!

Sjova

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails