tirsdag 22. september 2009

Eit varmt hus



Det gjeng mot mørkare og kaldare dagar, og huset treng meir varme.

Til no har me fyra i ein skikkeleg retro-omn som stod her på bruket då me flytte inn. Nesten ubruka, og med plenty av olje på tun-tanken.



Siste kalde vårdag gjekk imidlertid oljetanken tom, og no må me finne på noko anna. Pipa kons er gamal og sliten, og feieren meinte ho ikkje var trygg å fyre med ved i. Godt det likevel finns ei råd!



Pipa er relativt stor, så Sjaven og far hans fekk satt leca- element ned i ho og fylt det ytre tomrommet med leca- kuler. No har me altså eit nytt, rundt piperøyr. Litt av eit prosjekt med provisorisk stilling på taket, men karane er flinke og no kan me fyre, fyre, fyre...



Iallefall snart! Ny varmekjelde må inn, men kva vel ein?
Kakkelomn?
Peis?
Ulefos etasjeomn?



Eg ser iallefall fram til at denne herlegheta skal få plass på kjøkenet, sjølv om det ikkje blir med det fyrste!



Litt jobb må til, men du verda kor godt det skal bli med lita lunk på kjøkenet, putrande kaffikjele og nysteikte boller...

Kom gjerne med kommentar om kva for ei varmekjelde du har i huset og korleis ho fungerar; me treng råd!

Varm helsing
frå
Sjova

3 kommentarer:

Brocante sa...

Litt av en jobb. Jeg måtte også restaurere pipa på huset etter mor og far. Det ble stålpipe inni den gamle. Vedfyring er nå god varme da. Gulvvarme + ved sverger jeg til. Loppemarkedene er det ikke langt imellom her på Oslo kanten nå om høsten. Kikk inn på www.loppemarked.info og sjekk om det er noen i nærheten av deg. Lykke til.

Tino sa...

For et herlig sjarmerende hus dere har. Og flott jobb dere har gjort med huset.
Nå er det vel varmepumper som er mest populært,ikke så pene kanskje men de gir
god varme. Og da kan man ha vedfyring ved siden av.
Takk for hyggelig besøk hos meg, ha en fin dag videre :)

ingridmarie sa...

Gratulerer so mykje med ny pipe-det vert godt &varmt i huset til vinteren! Ingenting kan vel måle seg med den gode kjensla vedfyringa gjer i kropp og sjel! So mykje fint å følgje med på her inne hjå dykk! Dei store industrilampene dykkar var berre heilt lekre! Gler meg til å følgje med på oppussinga heime hjå dykk vidare! Og so lyt eg leggje til at eg storkosar meg over å les blogginnlegg skrive på dialekt-det vert so varmt og ekte, eg synst mest det er som å høyre nytt frå gamle kjenningar alt. ;) Varm helsing i kveldinga frå Ingrid Marie i "Den hemmelege hagen"

Related Posts with Thumbnails