tirsdag 8. september 2009

Liv på garden

Ein gard må ha dyr! Då me flytte inn fekk me kon verdas skjønnaste katt, men då me ikkje hadde overskot til andre husdyr saman med oppussinga, har det ikkje blitt fleire.
Før no! Me har fått kon 20 herlege høns og dei bur i det gamle fjoset.



Fjoset har ikkje vore høgt prioritera på lista over ting å gjere, og eg har hatt eit bilete av at det meste måtte rivast og byggjast nytt om det skulle bu dyr der.



Det trongst ikkje. Det gamle grisefjoset var perfekt i storleik og plassering, og etter ein dugleg reingjering, sette min kjære pappa igong med innredning og det ble så bra, så bra! Hønene stortrivst.



Dynna inn er kanskje vel sliten, og med kalksøl og sprekkar er ho jo kanskje ikkje verdas finaste. Men eg blir reint glad kvar gong eg skal mate dei:-) Eg tenkje på alle dyra som har budd bak den dynna, og kor viktig fjoset var på garden. Snart kan eg sjølv hente egg til meg og mine, og eg kan nesten ikkje vente.



Ei herleg tønne som har vore på garden i årevis. Og ho må brukas meiner no eg. Full av flis til hønsa gjer ho atter nytte på bruket, og så er ho så fin å sjå på!



Den gamle vedkassa har fått nytt liv ved å huse hønseforet. Ho har ei nydeleg rosafarge og eg vurderar sterkt å ta ho inn i huset til oppbevaring, men fram til då skal ho vere til glede og nytte for meg og andre som besøkjer hønene.



Eg gledar meg til at fleire dyr skal fylle garden med liv. Fram til då får me ta til takke med elg og rådyr:-)

Ha ein livleg dag!

Sjova

6 kommentarer:

BROCANTE sa...

Gratulerer som hønemor! Så moro - en pass deg for reven.....

Ellen - Charmerende gjenbruk sa...

Koselig med høner...og så deilig med ferske egg til frokost. Det er vel kortreist mat??
Kjøkkenvinduet ditt er så hyggelig, en fin plass og nyte kaffen og utsikten.
Klem...Ellen

Anonym sa...

Så koselig å se kyllingene, som de vokser!
Gleder oss til å være med å hente nylagte egg til frokosten når den tid kommer. En fin måte dette for oss til å følge utviklingen i fjøset og i heimen! gleder oss til helgen!
klem.....

Anonym sa...

så koselig.Jeg synes også att kylingene blomstrer opp på gården.Kult att elgen også får være med.
Klem Veronica(tantebarnet)

Livs Lyst sa...

Ja diggbart!!! Takk for sist, vi digger jo å komme til dere. Fordi dere bor på landet og denne skjønne gården, men mest fordi dere er så skjønne og gode selv!!

JEG VIL OG........!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

En dag.... så håper jeg dere kommer på besøk til oss - PÅ LANDET!!!

Klem fra meg

Livs Lyst sa...

Og forresten: Kan ikke du blogge om lampene dine på kjøkkenet?!! De som ser industriell-gamle ut. Dette med ledningene var jo bare såå kuul idè!! Hvis du skriver og legger ut bilder om det, linker jeg til ditt innlegg. For jeg har så lyst å skrive om det jeg også. Men gjør det du, så legger jeg link? Ok??? Har du lyst?!! Hihi...

Klem klem

Related Posts with Thumbnails