lørdag 5. september 2009

Me pyntar hus

Sjølv om regnet ikkje slutar, er det framleis ljose dagar ein kan arbeide ute på. For tida er det eksteriøret; utsjånaden på huset som står på programmet. Det treng litt pynt!



Me har ein skjønn nabo og etter far sin har han eit gamalt, falleferdig hus. Ikkje mykje att av det no, men det har nokre flotte utskjeringar, eller restar av det...Mang ein gong har me sett dei og beundra handverket; tenk å hatt noko slikt på bruket kons!



For å gjere ein lang historie kort blei naboen riktig så glad for at me lika utskjeringane til far hans, og me fekk mellom anna eit spir som mal til eit nytt eit.



Tenk alt arbeide han la ned i dette, og alle åra det har stått til glede både for hus og folk.
No er berre restar att, men takket vere Sjaven kan om ikkje anna minnet om den flinke treskjeraren leve vidare.



Sjaven syner nemleg stadig nye sider, og no er det treskjeraren i han som kjem fram. Til å vere heilt fersk i gamet gjer han ein super jobb. Det meiner iallefall Sjova:-) Og det blir jo så fint!






Ein kross dukka opp au, til skjold og vern for gard og folk!



Etter litt måling; grønt og kvitt som resten av huset, skal det opp og pynte huset kons.





Velkomen att for å sjå korleis det, og resten av bruket blir:-)
Framleis god helg til deg og dine!

Sjova

1 kommentar:

LIVS LYST sa...

Hallo dere der!

Ja, det var jammen godt å se at det blir spir selv om Thomas mistet originalen i bakken så den knakk i to!!! HIhi... Og jammen kan Sjaven utskjæring også! Ja, dere slutter ikke å imponere!

Ses snart tipper jeg ja!!

Klem fra oss to med gårsbruk.......... ....................... i drømmene!!!

Related Posts with Thumbnails