torsdag 17. september 2009

Plankeprosjekt del 2



Invitasjonar, nøklar, frøposar, postkort, turknivar...Alt dette pluss meire til, har tidlegare hatt ein tendens til å liggje både her og der. Gangen kons er ikkje ferdig, og ein kjem då rett inn i kjøkenet. Og sjeldan tomhendt:-)



Som nemnt tidlegare er det herleg å kunne gje gamle plankar nytt liv, spesielt når det er til noko ein verkeleg treng!
Så ein vakker dag sette eg igong med sag, hammar og spiker og laga ei opphengstavle.



Hønsenetting låg i store byltar i røysa; godt bruka, men etter bøying og klipping fann eg ein nesten heil bit.



Dei vakre knivane fekk med til bryllaupet, den minste til Sjova og ein litt større til Sjaven. Ein kjenning har laga dei , og me har dei alltid med på tur.



Bjølle som har vore bruka av både sau og toastmasterane i bryllaupet kons!
Treklyper og S- krokar frå Ikea gjer nytta som oppheng.



Gjenbruk av herleg, lite venninnebilete.



Tavla heng på ei gamal hylle me fann på stabburet. Grønfargen er som bestillt.



Eit herleg kaos, men så lengje det er PÅ tavla og ikkje I kjøkenet og i resten av huset, er eg nøgd!
Og eg finn alltid nøklane mine:-)

Framleis god haustdag !

Helsing
Sjova

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails