lørdag 24. juli 2010

Ferietips på tampen


Om du har ein aldri så liten feriedag att denne sommaren, syntes eg du burde besøke Bø Museum, her i Telemark. Eit fantastisk sveitserhus med landhandel og boligdel står slik det ein gong blei forlatt, og ved å gå inn i det, er ein plutselig i ei anna verd. Fantastisk!


Fargane er herleg annleis enn alt det kvite i dagens motebilete, og eg kunne glatt tatt rubbel og bit av interiøret med meg heim.


Smør med deg ein god nistekorg om du fyrst tek turen, og nyt maten i historiske omgjevnadar på Kvennøya i gangavstand frå museet. Her finn du ein husmannsplass med stove, fjos, badstove og smie, og naturen rundt er rett og slett magisk.

Bø Museum er altså verd besøket om du har eit nostalgisk hjarte:-)
No står fagre Vestlandet for tur, og me nyyyt ferien kons.

Alt godt frå
Sjova

3 kommentarer:

Alven sa...

Åh nå ble jeg glad :-) Du er tilbake :-) Det er flott!!! for liker så godt bloggen din :-)

Er jeg i telemark må jeg jammen meg få med meg dette museumet :-)Ser fantastisk fint ut der inne :-)Blir inspirert :-)

Ha en flott uke :-)

LIVS LYST sa...

Har du vært der??? Kan du dra sammen med meg også?!!!! Jeg vil sååå gjerne. Ja, jeg er litt ivrig. Men det er fordi jeg digger det bildet av drenge-rommet. Det smale blåmalte med den enkle men døds-sjarmerende innredningen. Vi har det bilde i Telemarks-boka vår og vi digger det.

Kan vi dra dit sammen snuppa?!! ;O)
Vi prates snart da.

Klem

Sologbolig sa...

Å så kjekt å ha deg tilbake. Ser i forrige innlegg at de har hatt mykje arbeid, så flott med nytt tak og fin grus i inngangpartiet. Hellegangen blir kjempefin. Vi har sjøl lagt naturstein (funne på fjellet) i ein liten del av hagen, det vart fint. Takk for fint ferietips, vi køyrer om Bø opptil fleire gonger om året, då ofte på veg til eller ifrå ein annan stad og gløymer ut at her kan vera fint å stoppa. Så godt at du minna meg på det. Ha fine dagar! Klem frå Sigfrid

Related Posts with Thumbnails