søndag 8. august 2010

Hjelp! Ein svenske i huset


Nei, dette er ikkje eit bilete av blomane i stova på Hæujen.
Så langt derifrå! Iløpet av den lille "Utforsk den svenske vestkyst-ferien" kons, fekk me høyre om eit aldri så lite Pelargonium museum, og drog dit.Samlinga på over 500 forskjellige slag Pelargonium fann me i eit heller kaotisk gartneri, og sjølve presentasjonen av dette store utvalet blomar var, for å sei det fint, interessant! Men nok om det...


Variasjonane og fargane på desse sjarmerande blomane ville fått einkvar bestemor eller nostalgisk bloggar til å gå i fistel. Skal innrømme at eg blei ein liten smule ivrig sjølv, og hadde eg hatt moglegheit, ville eg kjøpt blomar til å fylle kvar einaste karm i heile huset kons.


Morfar hadde jo vore så fin å pynta opp stovevindauge med.


Eller kva med Farmor og ein mørk Elin på soverommet?


Ein aldri så liten Mårbacka blei likevel einaste blom i baggasjen.
Sart og dempa rosafarge passar ypperleg i kjøkenvindauget på Hæujen, men kvifor tørkar han??
Mangel på svensk luft?


Og kvifor gulnar han?Sjuk av lengsel etter moderlandet?
Eg steller både tidleg og seint for han, men han syner alle teikn på vantrivsel.
Kvifor?


Trass skjønn bok om min svenske ven og familien hans, er eg like rådlaus og gjesten meir deprimert enn nokon gong.
Så kjære bloggvener: Korleis får du norske og svenske gjestar til å trivast?!
Ikkje lenge før han reiser no...

Sjova
 

8 kommentarer:

sologbolig sa...

Hei. Så synd at "svensken" ikkje trivest hos deg. Prøv og set han ut. La han tørka mellom kvar gong han får vatn. Knip av dei gule blada. Håpar at han kjem seg. Ha ein fin dag. Klem.

Ruter & Hjerter sa...

Den kommer seg helt sikkert:) Flott var den ihvertfall!

Hvit Villa sa...

Nydelige blomster! Pelargonier trives i litt trekk såvidt jeg har hørt. Kanskje det blir litt varmt for den om dagen? Lykke til og god uke :-)

Amfea sa...

Hei

Takk for koselig hilsen på bloggen min! Morro du fikk litt inspirasjon:)

Kjempefin blogg du og har!
Må si jeg misunner hengekøya i innlegget under! SÅ idyllisk!

Ha en fin uke!:)

Fattigfolket sa...

Så deilig med en pelargonia. Det er morsomt at den har fått en slik renessanse. Mårbacka er absolutt en vinner :-) Jeg har to avleggere som blomstrer i vinduet. Skal nå for første gang prøve å få dem til å overleve vinteren.

Marie

Astri Moseidjord sa...

Hmmm, grønne fingrer kan jeg ikke skryte på meg, Men bestemora mi har mange nydelige pelargonia. Hun vanner dem med ett par dråper grønnsåpe i vannet. Fungerer nesten som gjøtsel, og de blir store og fine.

Smiil fra Astri

Sigrid sa...

Trur at om han har vore ute og du tek han inn, dør han, eller gjeng i dvale. Om du skal ha slike inne må dei stå inne heile tida.. tru eg, har den erfaringa. Inn på høsten, da er sommeren over liksom og han vil helst stå i kjelleren.... =) Sett han ut og livet blir bra igjen.. =) Bra du ikke kjøpte alle=)

MELLOW sa...

Kära du!!
KUL med en svensk i huset, synd bara att det inte är jag :)
Ge pelargonen MYCKET solljus, och så vill den ha mycket näring...o ta bort att gula blad så inte dom tar all näring.
Hur trivs kristallkronan?!

Ta vara på dig!
Kramar m.

Related Posts with Thumbnails