søndag 9. januar 2011

Stairway from heaven!

I god tid før jola slo til for fullt, kom den etterlengta trappa kons på plass, noko få hadde trudd!
Laaaang leveringstid blei som eit under korta ned til ei lita veke, og Sjaven sette opp trappa som om han aldri hadde gjort anna;-) Ho er verkeleg eit smykke av ei trapp, og det er ein draum å ikkje lenger klatre opp og ned i ein stige!


Ho blei levera "flatpakka" for å seie det sånn, og i den ubruka delen av stova blei trappa sett saman. I utgangspunktet hadde Sjaven planar om å byggje trappa sjølv, men for å spare tid og arbeid, teikna han trappa ned til minste detalj og fekk ho i delar frå den lokale trappesnekkaren. Ved å måle trappa sjølv, samt sette ho opp, spara me også mykje pengar.


Det var rett og slett ein liten kabal å få alle delane til å nøyaktig passe i hop, men for ein ihuga lego-gut gjekk det greit. Å konstruere ei godtfungerande, og samstundes estetisk fin trapp er ikkje berre berre; spesielt når trappa skal setjast opp der det aldri før har vore trapp, men Sjaven har gjort ein fantastisk innsats. At ho blei kvit, og fekk ljose trinn som tregolva kons var dei viktigaste punkta på mi trappe-liste. Sjaven sin har vore betydeleg lenger...


Bjørketrinn blei eit solid og godt val, og ved å kvitolje dei, er dei blitt ekstra fine. Profileringa på vangen har Sjaven fresa ut sjølv, noko som lyfte trappa mange hakk. Han har auge for detaljar, den mannen!


Dei fyrste to trinna er litt amerikansk-inspirert, og dannar ein mjuk start på trappa. Gelender med dreia stolpar kjem opp etterkvart, men har de tips til gode leverandørar eller private som leverar litt utanom det ordinære utvalet?! Utfordring å finne noko me likar...


Vidare prosjekt er å isolere ferdig trappeoppgangen og stova oppe, legge det elektriske og panel i tak og på veggar. Blir me ferdig til påske, tru? Uansett ligg panelen klar til måling og den antikke ljosekrona me skal ha i himlinga er for lengst kjøpt inn...så det er berre å ta tida til hjelp:-)

Ha ein strålande vintersundag!
Sjova





15 kommentarer:

Bringen Blomster sa...

Så flott trapp!
Ha en fortsatt fin helg:)
-synnøve-

-Mia- sa...

Så fin trappa ble!!! Dere er så flinke!! det gjør mye ekstra med en sånn frest kant, mannen min laget det på kjøkkenbenken vår og! :-) Ha en super dag!! Klem

BROCANTE sa...

Flott trapp . og flink mann. Han må du passe godt på :-)

sologbolig sa...

Å for ei flott trapp, skal seie du har ein flink mann. Eg lika godt nederste trinna på trappa og, så fin og mjul begynnelse på den. Ha ein hyggelig kveld. Klem.

Hvit Villa sa...

WOW! Flinke! Flott trapp, gleder meg til å se den helt ferdig. Godt nytt år til deg :)

Mitt hvite hus sa...

ÅÅÅ så fin trapp dere har fått da..

Klemmer 0))

Huset i Lunden sa...

Kjempeflott trapp og imponerende egeninnsats! Så moro når en får den akkurat som en vil ha den. Likte veldig godt bjørketrinn mot det hvite, det var så fin kombinasjon.

Mona

Husfruen of Hilltop House sa...

Det ble jo en kjempefin trapp. Flinke Sjaven! :-)

Anonym sa...

Veldig Fin blogg, flott trapp og flink Sjav!!!
Gry

Mira sa...

Nydelig trapp!
Vet åssen det er å gå i stigetrapp, gjør det hver dag i fjøset. Min farmor hadde sånn inne. Ja den står der jo ennå, i min brors hus, for han har overtatt gamlehuset heima.

Åssen gikk det med Svensken? (Pelargoniumen?;)

Liker bloggen din.

Hilsen Mira.

LIVS LYST sa...

så gøy å se trappen og snart vil jeg se den i det virkelige liv også! ;O)

klem klem

Livet i Fattighuset sa...

Dette blir jo helt fantastisk! Veldig lekker trapp og veldig hendig mann du har :-)

Marie

LIVS LYST sa...

Du som sikkert bare løper i trapper for tiden: skal vi finne en dato å besøke Fattighuset og Marie?! Jeg har kjempe lyst å gjøre det snart jeg.

Juhuuu - og så vil jeg til deg igjen snart også ja ;O)

Svanaug sa...

Kjempeflott trapp og flott blogg. Lykke til videre.
Tar meg en tur innom av og til.

-Mia- sa...

Hei igjen!! Nydelig reportasje i Lev Landlig, som jeg nettopp har kost meg med!! Ha en super helg! Klem

Related Posts with Thumbnails