søndag 27. september 2009

Betre med system i kaoset enn...



...kaos i systemet, heiter det så fint. Og akkurat systematisering av kaos er hovudgeskjeftelsen no om dagane. Spørsmålet er berre kor ein skal byrje etter år med pappesker istaden for skåp?!



Eit stort skåp på kontoret stod difor høgt på prioriteringslista kons,
og det er no langt på veg ferdig.
Sjaven ville (sjølvsagt) byggje skåpet sjølv slik at me kunne spesialtilpasse innredninga etter behova kons.
Ikkje ein kjole som skal subbe i golvet no lenger:-)



Innredninga er laga av ferdig måla plater og kosteskaft:-) Enkelt og funksjonelt.
Ein gong i framtida(saman med mange andre prosjekt) skal gamle vindauge pryde desse skåpa som dynnar. Fram til då fungerar stoff veldig bra.



Eg fann 8 gardinhøgder til 70 % (!) i perfekte nyansar. På desse fjerna eg løpegangen og sydde på ørti smale silkeband som eg knytte over ei smal stong.



Eg er utruleg glad i det ljose, florlette og kvite mot det mørke.
Spottane bak bjelken gjev godt ljos og gjer stoffa akkurat passe transparente.



No er det altså berre å få system bak forhenga... Godt eg har mange kalde og mørke haustkveldar framfor meg:-)


Eg vil og takke for alle nydelege kommentarar
frå de skjønne menneske!
Det gjev glede.

Kakaovarm klem frå
Sjova

Ingen kommentarer:

Related Posts with Thumbnails