tirsdag 29. september 2009

Eit skåp til meir enn oppbevaring



Med dei enklaste materiala, og nennsam hand laga morfaren min dette skåpet under krigen.
Etter år på hytta kons, fekk eg det. Det er eg glad for.

Oppå står nisteskrinet mormor åt frå då familien var på tur. Mjølkespannet ho henta mjølk i. Slitte, sjarmerande fat. Skjønne fargar, former og ikkje minst forteljingar.



Tidlegare hadde skåpet fleire blåfargar, og kvite plastknottar. Sjarmerande på sitt vis, men som ein utvida del av kjøkeninnredninga fekk skåpet same farge og handtak som dei andre.



Skåpet er enkel i forma, men utruleg praktisk. Det husar diverse servise, og i skuffane ligg det bestikk, og MANGE oppskrifter!



Ja, for Sjova elskar å lage mat! I hylla ligg berre eit lite utval kokebøker. Kan det vere ein mani?!



Morfar sitt namn med ei herleg skjønnskrift.
Han var stasjonert ikkje langt unna her eg bur no, og eg tenkjer ofte på korleis han hadde det, kva han drøymte om, lengta etter...
Trass krig og lang veg heim, måtte han skape noko. Det beundrar eg.



Ei litt sliten dame laga av Sjova i ei tid ho sjølv kjende det slik:-)



Ein diskret utskjering, men dog så vakker.



Morfar var sterk, dyktig, kreativ og ikkje minst verdas snillaste. Eg har mange gode minne,og dette skåpet bidreg til at dei ofte kjem fram.


Vonar du kan ta fram gode minne frå dine nærmaste!

Klem frå
Sjova

8 kommentarer:

Ellemeller sa...

Vakkert skrive:) Eg har òg slike minner om min bestefar, alltid til stades og den eg kunne vere trygg hjå.
Skåpet ditt var skikkeleg fint!

Anita

Beate sa...

Så flott skap du har fått. Kjempegøy med ting full av minner!

Ha en fin kveld
Beate

BROCANTE sa...

Et fint minne å ha om en fin bestefar. Slikt må en bære med seg videre gjennom livet.

Jeg sitter på hotel rommet i Praha og gleder meg til en tur i denne fine gamle byen. Tror det er det vakreste jeg har sett i hele mitt laaaaange liv :-)

salige lavendel sa...

Jeg falt pladask for det skjønne nisteskrinet ditt!

Kreoline sa...

Hei, takk for koselig kommentar. Jammen litt av et arbeid dere har hatt, men nydelig har det blitt. Vakker plass. 4-rams vinduer like dine har jeg på hytta, et gammelt hus, synes også de er så nydelige. Hjemme har jeg 6-rams, gammelt hus det også, litt vanskelig vindusvask, hihi. Klem fra meg.

Livet i Parkvegen sa...

Heisann!

Her kan eg godt forstå at dere trives, utrolig flott stad! Det skal bli spennande å følge deg framover:)
Kjekt med ting som har minner, det setter eit spesielt preg på heimen.

Takk for hilsen på bloggen min, eg har brukt stempel på skiltet:)

Ønsker deg ein fin dag:)

MiaNostalgia sa...

Tusen takk for hilsen på bloggen min. Det var koselig :-) Fint skrevet om det vakre skapet fullt av minner. Møbler med en historie blir man ekstra glad i. Ha en fin helg!

Kardemomme sa...

Hei Sjova :)Takk for koselig kommentar på bloggen min :)Ser at du har en vakker blogg og jeg har kost meg med alle de fine bildene lenge nå! Tipset om strykejernsledning på industrilampene var jo helt genial! Jeg har nemlig en slik gammel lampe som jeg har lurt på hvordan jeg skal få skaffet stoffledning til og tipset ditt var genialt :))
Ønsker deg en fin fredag videre! Hilsen Kardemomme :))

Related Posts with Thumbnails