mandag 21. september 2009

Føler du deg pressa?



Føler du deg pressa om dagen?

Trur me alle gjer det meir eller mindre. Setninga traff iallefall meg, og har sidan opna for mykje tankeverksemd i desse oppussingstider.
Snart vinter og sno, me har ikkje vedomn, huset må målast ferdig, soverom må bli ferdig, vaskemaskina lek...

Måtte likevel le då eg vakna til denne pakka på sjølvaste bursdagen min.
Kva kunne det vere??



Ei syltepresse!
Gamal og godt bruka-- og heilt nydeleg.
Sjaven hadde på EIGET initiativ tatt turen til ei brukt- og antikksjappe og funne denne til meg.
Og det er stort for ein som i utgongspunktet ventar i bilen på slike stader:-)



Og du må ikkje tru ho berre skal stå til pynt! No er det slutt på alle provisoriske pressemetodar til sylta, og dette eksemplaret var i tillegg finare enn nokre eg har sett til no. Kan hende det gjeng an å presse blomar i ho au?



Solid handverk og perfekt funksjonalitet- lurar på kven som møysommeleg har laga ho, og ikkje minst kven som bruka ho? No skal pressa få bu hjå Sjaven og Sjova ei stund, og gje næring til både mage og tanke...

Dette livet; me må ikkje la det presse kon for mykje. Sjølv om ikkje ting er på stell akkurat no vil det bli det ein dag, og fram til då må me lette på presset som best er...

Sjaven; takk for dine herleg kommentarar, arbeidslyst og ikkje minst evne til å bringe humor inn i kvardagen kons! Det er gull verd.

Gode og lette ønskjer frå
Sjova


2 kommentarer:

Brocante sa...

Helt enig med deg - vi må passe på å nyte dagene også - de går så alt for fort. Til jul blir det sylte da tenker jeg? Mye arbeid med du verden så godt.

Gro sa...

Hei, og velkommen til NIB! Artig innlegg - ei syltepresse er kjekt å ha! Klem fra Gro

Related Posts with Thumbnails