Industrielle element er kult, og det har sniki seg inn nokre få her på garden au.
På oppmodig frå kons alles kjære LivsLyst, syner eg dykk nokre bilete av kjøkenlampene mine.
Desse heng over arbeidsbenken.På oppmodig frå kons alles kjære LivsLyst, syner eg dykk nokre bilete av kjøkenlampene mine.
Eg kjøpte dei på Ikea for nokre år sidan og har digga dei hemningslaust. Slike lamper var opphaveleg arbeids- og industrilamper, og fleire liknande er å få tak i no ; nye og bruka.
Skal seiast at eg også drøymer om eit godt slitt eksemplar
med mykje patina, men desse duger i masser fram til då.
Det svarte passar interiøret på kjøkenet kons veldig bra, og mjukar opp det som fort kan bli FOR bonderomantisk. Og så er eg generelt glad i svart!
Gamle tekstilledningar på lamper er desidert det finaste, meiner noe me her på bruket. Sjølv om mange av lampene har slik ledning, var desse eksemplara utstyr med herlege, syntetiske variantar.
Det måtte me gjere noko med!
Rundt her me bur var det ikkje lett å oppdrive desse ledningane, men så kom Sjaven på ein glimrande ide; me brukar ledning til strykejern!
Lurt, ikkje sant? Dei var lette å oppdrive, billege og ikkje minst passa dei perfekt!For kon.
Herleg spettet, og ekte tekstilledning;.)
Ha ein ljosfylt sundag!
Klem frå
Sjova
Klem frå
Sjova
2 kommentarer:
Wow - virkelig gjennomført med de ledningene. Stilig!
Kuult kuult kuult!!!!
Så kuult at du blogget om det, min venn!
Jeg må nødt å gjøre det jeg også. Klarer ikke å la være. Vi har nemlig gjort sånn på kjøkkenlampen til min Thomas!
Så jeg blogger om det og linker inn til deg. Håper det er greit at jeg hermer på denne. Jeg bare digget det!!!
Klem fra meg
Legg inn en kommentar