søndag 27. september 2009

Kreativ hole



Etter det blå rommet byrja me på dette; nemleg kontor og sysystue. Sjaven sette opp veggar, panelte, bytte vindauga, la golv og laga fine "falske" bjelkar i taket.



For lenge sidan fann eg eit par rullar herleg tapet i ein bruktbutikk. Skikkeleg 70- tal, men samstundes nydeleg i sitt rette element. Og tenk, nokre år seinare fekk tapeta spele hovudrolle i nettopp dette rommet!



Eg er som nemnt glad i kontrastar, og saman med kvitt tak og kvite lister kom tapetet verkeleg til sin rett! Lampa er eit loppisfunn til 20 kr, skjermane likeså.
Gardinstoffet heng på eit avkutta kosteskaft, og er bunde opp med ei stoffremse som ei slags liftgardin.



I og med rommet har mykje naturleg ljos satas eg på brunbeisa panel; og har ikkje angra. Lunt og godt, kontrastfylt og inkluderande både for Sjaven og Sjova!
Stolen med sauefell er ein god stad å utvikle kreative prosjekt, eller til kvile frå papirarbeid.



Ei gamal dynn gjer nytte som veggpryd, og med eit lite loppisbilete som pynt
er ho så god som nokon.
Den nedre delen av dynna er øydelagt, og passar difor perfekt bak kista.



Kista har eg fått av mormor, og er full av diverse stoff, sysaker og... minner. Min kjære morfar tok i si tid av det øydelagte skinnet på kista for å trekkje ho om på nytt. Slik blei det ei, men for meg gjer det ingenting. Kista har stor affeksjonsverd!Og så er ho praktisk...



Rommet er ikkje ferdig innreda, men me tek det litt pø om pø. (Skal syne dykk meir seinare)
Me nyttar likevel rommet for fullt, og med ein slik utsikt frå arbeidsbordet er det vanskeleg å ikkje la seg inspirere!

Framleis kreativ og kvilefull sundag til deg!
Sjova

4 kommentarer:

Trultemor sa...

Kjekt med nytt rom:) Men jeg fikk nesten mareritt da jeg såg tapeten!! Sånn var det også i farmors hus...på ene veggen...så var det ulike tapeter på de 3 andre veggen også !! *ler*
Skal bli morro å se når dere er ferdige:)

Hulda sa...

Utrolig mye kreativt og fint å se her på bloggen din! Virkelig stilig med den døra og bildet til pynt. Hilsen Husfrua. :)

Livet i Fattighuset sa...

Så morsomt og overraskende dette var. Skikkelig fint, ble det. Og til hagen: pallelemmene har vi fått hos en lokal industribedrift. Spør hos noen som tar imot varer eller råvarer på pall. Lykke til! (får du det ikke til skal jeg skaffe deg lemmer! Si ifra.)

Hilsen Marie

ingridmarie sa...

Nydeleg dør og bilde! Tapeten var utrulig flott! Gler meg øve alt det vakre hjå dykk :) Nydeleg hjarte i forrige innlegg! God kveld i stova frå IngridMarie

Related Posts with Thumbnails