mandag 16. november 2009

Ei tid for alt



Medan heimen kons sakte, men sikkert tek form og fyllast med ting, held mormora mi på å pakke ned eit heilt liv i eskar for å flytte inn i leilighet. Livet har verkeleg ei tid for alt, og naturlegvis er det mange minne som kjem fram, både for ho og kon andre.



Mormor har vore utruleg flink til å ta vare på hus og ting, noko eg får gleda av no. Stablar med herlege broderi,
dei vakraste putevar, mellomverk og dukar.
Eg kjenner eg rett og slett blir audmjuk i møte med slikt handarbeid!



Snippane bruka tippoldefar min, og han var etter sigende ein svært så staseleg mann med svart frakk og blendane skjortekrage. Trass i at han blei enkemann tidleg, var det ikkje noko å sei på bruk og stell av kleda.Vonar om eg får dei kvite att?

 

Denne fungera som ein god, gamal "systerhjelp" dei gamle i slekta hadde hengande over sengestolpen. Når dei skulle opp, drog dei seg etter snora. Praktisk, men likevel så utruleg vakker...



Mi oldemor døydde tidleg, og mormor vaks opp hjå tanta si. Ho var ein drivande god saumerske, og mykje av det eg har arva er laga av ho. Det her er nok eit av dei tidlege verka hennar. Kanskje ei skuleoppgåve?

 

Eit fantastisk mellomverk!
Desse tidlegare kvinnenen sette verkeleg si ære i fine heimar og vakkert handarbeid. Dei kunne sakene sine. Tida har endra seg, men å som eg ønskjer eg berre hadde ein brøkdel av denne kunnskapen...Og tolmodet!

 

Gledar over vakre ting har eg iallfall, i likskap med mormor og oldemor. Så sjølv om eg ikkje får rydda plass på timeplanen til å lære meir handarbeid, skal eg fylle heimen kons med desse vakre tekstilane og fryde meg over at eg får bringe dei vidare.

Det er ein tid for alt, og framover vil slektenes gang vere tema i
Ein heim blir til.

Bli med og del minne!
Sjova


11 kommentarer:

Crinoline sa...

Så heldig du er som har arvet alt dette nydelige håndarbeide.Jeg er veldig glad i gamle tekstiler,noe har jeg kjøpt av overlaken og putetrekk med mellomverk.Det jeg er mest glad er håndarbeider jeg har arvet etter mormor.

Siddis-in-houston sa...

Der har du veldig mye pent! Heldige du som har arvet alt dette!

Hos Bestemor sa...

Du er jammen heldig som får arve alt dette! Og så fint for mormoren din også, å kunne gi det til noen som setter pris på det og vil bruke det :)

atinybitofheaven sa...

Så utrolig mye fint- alltid mye spennende og finne på mormors loft :-)

Heldig du er :)

Anya`s interiør blogg sa...

Kjempe heldig du.. så flott at hun har tatt vare på alt dette. Er ikke alle som gjør det.. snakket med en eldre dame i butikken jeg jobber her en dag. Hun ville kaste alle gamle gardiner og lakner (flotte lin tekstiler!) fordi sønnen synes de var så gammeldags. Fikk henne heldigvis fra det.. må ikke kaste slikt:) Ha en fin dag

Småenglenes verksted sa...

heldige du - så mye fint - og det passer jo så godt i hjemmet ditt:)

Guttemamma sa...

Tusen takk for veldig koselig hilsen!! For et vakkert innlegg om slekter og tankene dine om en tid for alt setter igang masse tanker hos meg også. Så mye vakkert mormoren din har tatt vare på ,jammen godt det ikke har blitt kastet!! Ha en fin dag:)
klem fra Anette

sologbolig sa...

Så mange nydelige ting. Utruleg å tenka på at våre kvinner langt tilbake i tid har laga så vakre handarbeid. Mykje hadde dei å gjera frå før, mange oppgåver som vi i dag ikkje treng tenke på ein gong, dårlig arbeidslys om kveldane,.... ja ein kan berre ramsa opp. Heldige deg, ta godt vare på desse flotte tinga. Ha ein fin kveld.

BROCANTE sa...

Det beste ved alle disse tingene er at det er arvegods og at det er kvinner i din familie som har laget dem. Så utrulig mye fint! Tenker nok bestemoren din er glad du vil ha dem.

HønePøne sa...

Tusen takk for veldig koselig hilsen! Veldig kjekt for da fikk jeg oppdaget deg også! Så nydelige håndarbeider du har arvet! Det er jo virkelig som skatter å regne.Sikkert veldig kjekt for mormoren din at du setter pris på tingene hennes og vil ta vare på dem og føre dem videre.
Gleder meg til å følge deg videre!
Madeleine

Fattigfolket sa...

Oioioi, så vakkert. Heldig er du! Jeg også, for jeg har også fått en pose med lekkerier av en eldre dame. Hun mente barn og svigerbarn ikke hadde "greie på slikt" og gav hele tekstilarven fra bestemoren sin til meg. Så snart gjesterommet er klart skal jeg henge opp nattøyet som ligger i posen :-)

Ha en fin kveld! Marie

Related Posts with Thumbnails