søndag 1. november 2009

Eit bad å vakne i



Sjølv om det ikkje bloggast så ofte herfrå er det langt ifrå stillstand i bygginga av soverom! Likevel er det mykje i husbygging som tek tid, men som meist ikkje er synleg. Difor får de nokre detaljbilete frå det lille badet kons.



Me har lenge mangla hyller på badet så her ein dag tok eg saka i eigne hender. Gamle plankar kan som sagt brukast til ALT!



Billege hylleknektar gjorde susen,og dei passa bra mot dei verbitte plankane som tidlegare var ytterkledning på huset kons.



Herleg korg med vaskemiddel. Får ikkje nok av Durance sine produkt! Kan du tenkje deg noko betre enn lukt av lavendel i nyvaska sengetøy?



Noregsglas kan brukast til det meste, og her til vaskepulver.Ei lita metallmåleskei er praktisk og fin.



Ein krans av hønsenetting gjer nytte som øyrepynthaldar:-) Det skjøne skrinet har eg fått av mi beste venninne, og det huser andre smykke.



Under hyllene står ein standard IKEA-kommode som ein gong på vegen blei "ny". Litt grunning, raudmåling, pussepapir og sølvspray på messinghandtak gav han ny utsjånad.



Ein liten krakk må alle bad ha:-)Krakken var tidlegare raud, men dog i litt feil nyanse. Ein bit gåvepapir og lim gjorde derimot susen.



Elskar mosaikkgolvet me la over det gamle golvbelegget; utruleg praktisk og med litt "vill utsjånad":-)



Dusjnisja har Sjaven bygd sjølv, og eg leita lenge etter eit passande dusjforheng utan hell. Derimot kom Sjaven him self heim frå byene ein dag med det PERFEKTE; transparent, sort stoff med broderi mot sort plast. I love it!



Ja, eg elskar smykke og pynt:-) Og jo større kjede dess betre. Her får dei henge til pynt på ei av lampene. Spegelen er eit Fretexfunn med skjønn dekor, og i super storleik.



Badet kons er trekkfullt og skeivt, så nytt bad står på (det fullsette) programmet kons:-)Det har absolutt likevel sin sjarm, og vakne blir me iallefall no i desse kalde vintermorgonar!

Ønskjer deg og dine ei frisk og aktiv veke
i vinterland!

Sjova

8 kommentarer:

moa sa...

Mange sjarmerende detaljer, personlig & fint!
synes de gamle plankene ble nydelige hyller!
ønsker deg en fin uke -

moaklem

Elin | Draumesidene sa...

Hei! Eg lagar stadig ting og tang av slike gamle plankar. Har vurdert å henge opp ein til hylle på stova? Ser ut som om du kosar deg på badet ditt, sjølv om det er litt trekkfullt? :) Vi hadde eit slikt bad før, i huset vi leigde. Vinden strauk over høgre låret ein vintersdag, sitjande på do... ;)

Ha ei flott veke!

Klem frå Elin! :)

Sologbolig sa...

Herlege detaljar frå badet ditt. Ha ei fin veke.

LIVS LYST sa...

Ja mor! Og NÅÅÅ ble jeg overbevist om jeg også skal prøve Durance vaskemiddel. Har jo lest om det på uttallige blogger. Men først NÅÅ altså, ble jeg rett og slett skikkelig overbevist. Det skal jeg også prøve!!

Snakkes snart da!
Klem fra MEG (nynorsk ;O)

Love Peace Pionies sa...

Takk for så koselig kommentar på bloggen min.
Den røde kofferten likte jeg veldig godt! Sjikkelig miljø...

ha ei forsatt fin uke du også:)

Ida sa...

Så koselig med kommentar, så bra at du fikk litt idèer :) Ser ut som et skikkelig drømmested den gården deres :) Lykke til videre med arbeidet, og god uke til deg også :)

huset på øya sa...

Flotte detaljer fra badet. Lur ide dette med vaskemiddel i Norgesglass :) ble inspirert inne hos deg jeg! takk for hyggelig kommentar inne hos meg. Vibeke

Shabbycharm sa...

spennende blogg,
her må jeg henge med.;=)
lagt meg som fölger.
klem bella

Related Posts with Thumbnails