torsdag 19. november 2009

Flaskeeventyr



Det var ein gong ei mormor og ein morfar som skulle til utlandet for å kose seg etter travle og krevjande dagar. Vel om bord på ferja var dei i riktig så godt humør,og bestemde seg for å spandere noko ekstra godt på seg sjølve.



Morfaren gjekk i taxfree- butikken og kjøpte den stiligaste flaska han fann.
Tenk, vatn med kullsyre!
No skulle dei kose seg.
( at dei hadde andre flasker seier historia ingenting om)



Men dess lenger dei bevega seg vekk frå Noregs hamn, dess hardare blei veret, og kos blei rask bytt ut med sjøsyke, kvalme og alt for høge byljer.
Snipp, snapp, snute så er eventyret...heldigvis ikkje ute!

Veret roa seg, paret fekk ein fin tur, flaska blei med heimatt, og no står ho på mitt kjøken til stor glede for auge. Ho minner meg om livslangt ekteskap trass skiftande ver,men mest om dei dagar med blikkstille vatn og solskinn som var i klart fleirtal.

Må helga di vere fylt av godt ver og fredfulle relasjonar!

Sjova


5 kommentarer:

Elin | Draumesidene sa...

For ei herleg historie! Og eg tenkjer at vatnet var mest blikkstilt dei stondene som vart best hugsa... Det er kjempegodt å ha slike minner, og denne flaska var no nydeleg!

Ha ei god novembernatt!

Klem frå Elin! :)

Mrs B sa...

Så fin flaske, og ekstra fin blir den når dine egne besteforeldre har hatt den =)
Ønsker deg en god helg!

Sologbolig sa...

Nydelig historie og flott flaske. Ha ei god helg !

Maliva`s verden sa...

Ja de flaskene der er populære...og ekstra gøy er at du er så heldig å ha arvet en med masse historie bak:o)God helg til deg fra Maliva

Livet i Fattighuset sa...

For ei vakker historie. Og ei vakker flaske. Moro med familiehistorier som kan knyttes til ting vi bruker eller ser på :-) ha en fin lørdag!

Marie

Related Posts with Thumbnails