Mormor har no flytt til liten leilighet, og huset ligg ute for sal. I opprydninga er mykje blitt kasta, men gamle skattar har og kome fram i ljoset, og med dei mange historiar. Som denne her:
Mormor og morfar var nyetablera, og i ei lita stove trong dei nette og små møbel. Riktignok hadde dei stolar, stor korgstolar, men dei tok for mykje plass og dei bestemde seg for å annonsere dei i lokalavisa.
Det var krigstider og mangel på det meste, så då ein viss avistilsett tok telefonen, kjøpte han dei usett på flekken og stolane kom aldri så langt som i ei annonse.
Frå morfar var ganske ung, laga han diverse møbel som han stabla opp på sykkelen sin, og tråkka den lange vegen frå øya han budde, til byen for å selje dei.
Så då hans kjære kone var stol- laus, sette han igang og laga to fine lenestolar i praktisk storleik. (det skal seiast at han laga ALT mormor trong, med stor fanasti og presisjon)
Det var heller ikkje stoff å oppdrive i butikkane, men oldemor hadde fine dukar, og ho ofra to av dei mest solide til stol-trekk! Den minste duken blei bakstykke, og resten fekk dekke fronten av stolane
Stoffa blei nøye festa med fine naglar. Å vere nøyaktig var ein dyd.
Stolane blei bruka til gangs, og idag; over 60 år seinare lev framleis den eine i beste velgåande. Mormor ønskja spesielt at eg skulle ha stolen, og det er eg meir enn lukkeleg for! Han er rett og slett nydeleg- fargane, forma og storleiken er perfekt, og stolen bringer mange gode minne inn i heimen kons.
Er jo nettopp ting med historie som skapar ein heim, og gleda over å få ta vare på dei er for meg stor!
Må og sei tusen, tusen takk for alle hyggelege kommentarar! De er verdas skjønnaste:-)
Må veka dykkar ha meir jolefred enn jolestress!
Klem frå
Sjova
Er jo nettopp ting med historie som skapar ein heim, og gleda over å få ta vare på dei er for meg stor!
Må og sei tusen, tusen takk for alle hyggelege kommentarar! De er verdas skjønnaste:-)
Må veka dykkar ha meir jolefred enn jolestress!
Klem frå
Sjova
6 kommentarer:
Ein så fin stol med ei slik god historie bak må vera kjekt å ha. Ho visste nok kva ho gjorde mormora di, då ho ville at du skulle ha den og ta vare på den. Ha fine førjulsdagar.
Vakker stol ♥
Håper du har kost deg med papirstjernebretting!
Fiiin tirsdag til deg ♥
Tusen takk for veldig koselig kommentar hos meg! Nå oppdaget jeg bloggen din også, og her skal jeg se mer! :)
Så nydelig stol - som ekstra fin når man vet historien bak... Skjønner godt at du er glad i den!
så kejkt å lese og se.
nydelig stol.
Tenkte jeg skulle stikke innom og si "god jul" til dere å Hæujen. Fiiiine stolen - tenk så godt dere kan slappe av der i høytiden :-)
Hilsen Marie
Flott stol! Ha et Godt Nyttår!
Legg inn en kommentar