søndag 31. januar 2010

Dei små gledene

 

Sei at du fekk bittelitt vårkjensle no?! 
Eg blir iallefall glad av det gule, friske og kjenner at eg lengtar etter våren meir enn nokon gong. 
Nytt liv. Ny energi. Sjølv går eg på sparebluss om dagen, og treng dei ljosstrålane eg kan få både frå sol, menneske og omgjevnadar.


 Å snakke om gleda over dei små ting er mest blitt ein klisje, men ikkje mindre sant av den grunn. På mørke dagar skin jo små ljospunkt desto sterkare. Og vakre ting kan gje mykje glede.
Som små stilleben på kjøkenbordet.

 

Skjønne former og slitte overflater. 

 

 Friske blomar på stovebordet


Loppisfunn, loppisfunn, loppisfunn...

 

Ferske brød. 
(Forresten lite som kan samanliknas med matglede her i garden:-)

Når ein bur slik som me gjer, med halvferdige rom og arbeid på alle kantar MÅ dei små gledene få rom i kvardagen. Altfor fort å tenkje SNART framfor HER OG NO! 
Må me alle sjå det vakre og glede kon over det framfor å heile tida ønskje kon noko anna, noko meir!

 

Og me er vel alle enige om at gleda me får frå ting ikkje kan samanliknas med gleda frå venskap og gode relasjonar, eller kva:-)
He ein god måndag!

Sjova

4 kommentarer:

Småenglenes verksted sa...

så koselige bilder - jeg gleder meg også til mer lys og varme... i stedet for å måtte måke enda mer snø... Ha ei fin uke.

Livs Lyst sa...

Ja, jeg fryser og fryser.... Wah! Ser frem til soool! Og herlig med de slitte "sølv-fatene"! Kjenner jeg skal på alt av loppis denne våren! Hihi..

Kommer og smaker de gode brødene dine!!
Håper ting er bra og at du koser deg med roen ;O)
Klem fra meg

sologbolig sa...

Sjarmerande og stemningsfulle bilete og mange gode ord hos deg. Ja,no gler eg meg også til våren, sjøl om det er så kvitt og fint ute og dagane vert lysare og lysare, det er deilig. Ha ei fin veke.

Kristin sa...

Hei!
Takk for hyggelig hilsen:-)
Du har en kjempefin blogg. Sikkert mye arbeid. Men med det sjarmerende huset, må det bare bli vellykket;-) Blir moro å følge med deg!!

Ha en fin kveld
Kristin

Related Posts with Thumbnails