mandag 4. januar 2010

Kvitt nyttår!



I sno og herleg vintersol er det umogleg å ikkje bli fylt av ny von og pågangsmot for vidare arbeid på det kjære småbruket kons. Korkje hus, låve eller stabbur er FOR nedslite og arbeidskrevjande i mine augo der dei ligg og badar i ljos og kvitt dekke. Og me har jo HEILE 2010 på kon...



Desse joledagane har vore fantastiske og sjølv om temperaturen var i lågaste laget, er ingen plass vakrare enn Hæujen kledd i kvitt. Alt ligg godt verna under snoen, og på eit vis er alle gjeremål berre sett på pause.Som pløyinga i jordepleåkeren...



Alle plankebitar, alt byggje-søppel og rot me ikkje rakk ryddje bort før snoen kom, ligg godt gjøymd lenge enno. Dyrelivet er derimot meir synleg enn nokon gong. Rådyr, elg, rev, katt, kanskje ei gaupe... Alle har dei tusla forbi med mjuke steg i det lause melisdrysset av ein sno.



Nokre av dei har tatt turen bortom epletreet kons på jakt etter litt jolesnacks. Treet planta me fyrste sommaren her på bruket, men neimen om det får vekse i fred.



Sjaven har tråkka seg veg til snekkerverkstaden sin fleire enn ein gong etter snoen kom;-)
I fjor sommar måla me låven, men ikkje heile. Me hadde rett og slett ikkje hjarte til å dekke det verbitte, solbrente treverket. Låvedøra har vore, og vil truleg forbli, sjarmerande mintgrøn.



Ein aldri så liten kunstinnstallasjon på tunet; litt sånn Jack og bønnestengelen...
Stigen er livsfarleg å klatre i, men herleg heimegjort ,og han ser ut som han alltid har stått der.



Rima rogneber pyntar opp ein bjørkekrans på bakdynna. Blei ikkje rare jolepyntinga her på staden i år, men eg seier som reklama; det enkle er ofte det beste!



Ved hovuddynna står eit lite bord eg er svært glad i. Ein lapskaus av farga dekker plata, og då eg spurde om å få kjøpe det på ei bruktmesse, trudde ikkje mannen eg meinte det! Han skulle berre leggje fram alle dei fantastiske(?) gamle bildelane sine på det. Ja, ja....



Rognebera heng framleis på treet ved låven, og friskar opp det elles så kvite landskapet.
Litt liv og fargar ser også eg fram til å gje huset kons det kommande året. Stove og gang står på tapetet; kan hende meir, og med det kvite,nye året liggjande som eit ubruka ark for føtenen kons kan eg ikkje anna enn å glede meg!

Godt nytt år til deg og dine.
Måtte det bringe deg alt kva hjarte ditt treng!

Klem, Sjova


9 kommentarer:

Livet i Fattighuset sa...

Hurra, du er tilbake :-) vakkert, vakkert, vakkert på garden deres.

Ha en fin kveld!

Marie

LIVS LYST sa...

Jepp. Sier som "Fattigfolket": HURRA, du er tilbake! Det var godt å se orda dine igjen her. Og det skal sies enda en gang, at boken du gav oss er kikket mye i. Kjempe koselig. Her har vi fått idèer til litt av hvert!

Vi må prates snart. Jeg digger at det er snø og kaldt. Jeg koser med med god gammeldags vinter!

Klem fra meg ;O)

Elin | Draumesidene sa...

Hei! Godt Aar! Nydelege glimt! Men det såg kaldt ut?

Ha ei flott januarveke!
Klem frå Elin :)

Verandasol sa...

Heihei, så flotte bilder fra gården deres! Ser kaldt men vakkert ut :)

Brocante sa...

Du så flott det er i Telemark! Herlige bilder. Godt at hverdagen er tilbake er det ikke?

Mrs B sa...

Vakre bilder, vakkert bord! Og godt nytt år til deg også :)

Sologbolig sa...

Så vakre og kvite bilder. Ja, no er det fint. Her er og snø og kaldt, og så reint og fint og lyst alt er. Godt nyttår til deg også. Ha ein fin kveld.

LYKKEBO sa...

Herlige vinterbilder!
Det er virkelig vakkert ute når alt er hvitt!!
(selv om temperaturen snart kan gå opp litt....;)Du spurte meg hvordan jeg laget fuglematen.. Kjempe lett! Smelter gelatinplater, fyller frøene(tror jeg brukte solsikke..)i en plastkopp, heller på litt gelatin. Putter nedi tråden, og venter på at de skal stivne.. Lykke til:)
Klem

Anonym sa...

برمجة مواقع

Related Posts with Thumbnails