mandag 9. mai 2011

Med flagget til topps



Sjova har fått ei ny arbeidsoppgåve på garden, nemleg å vere flaggansvarleg!Og oppgåva er både sjølvalt og meir enn velkomen.Flaggstong har eg ønskja meg i lange tider, og for bursdagspengane eg fekk i 30års gåve i fjor haust kjøpt eg nettopp det. Og i påska kom ho opp:-)


Det har virka som ei heil æve at flaggstonga har liggi slik innpakka i hagen, og då snoen forsvann og vårsola kom, vakna flagg-hjarte mitt for alvor til liv att. Men når ein har x-antal oppussingsprosjekt på gong, og i tillegg snart skal bli foreldre, er ikkje oppsetting av flaggstong det fyrste ein prioriterar...


Då er det godt å ha ein snill pappa! Som på eige initiativ tilbød seg å hjelpe med å få flaggstonga opp, og som tok på seg arbeidet med å grave djupt, djupt for god fundamentering. Du skjønar kanskje kven eg har arva flagg- entusiasmen frå?!

Her kan det kome så mykje vind det berre vil, denne flaggstonga blir ståande!


Eit gamalt småbruk må jo berre ha ei flaggstong, er mi meining, og eg blir like lukkeleg kvar gong vinden tek eit lite tak i vimpelen. Med eitt blei tunet kons heilt, og kva er vel finare enn eit flagg i vinden mot høge fjell, gamle gardsbygningar og grøne jorde?


1.påskedag kl 08.00 nærmast løp eg ut og heiste flagget for fyrste gong. Morgonsola skein, og dagen var stille- og flagghjarte mitt banka som aldri før.
No er det 17.mai neste. Gjett om eg gledar meg!


Termin nærmar seg med stormskritt, og eg takkar for mange gode råd i ventetida!
Eit av dei eg har bruka mest kom frå Kirsi som råda meg mellom anna til å bake:-)
 Finnes ikkje betre avkopling enn å lage mat, og når Sjaven i tillegg er ein kakemons av dimensjonar, har dette vore ein vinn- vinn situasjon her i huset den siste tida.
Så kjære Kirsi, om du sender meg adressa di på e-posten min, kjem det ei lita helsing i posten!
(Kjem ikkje inn på bloggen din...)


Vårklem frå
Sjova






10 kommentarer:

M sa...

Gratulerer med flaggstang. Det er vel ikke bare 17. mai som skal flagges, tenker flagget heises når det er slutt på ventetida også. (",)

Hverdagsgleder sa...

Gratulerer med ny flaggstang! Det hører jo hjemme på en gård,,, selv om vi ikke har det.. Koselig småbruk dere har, idyllisk og vakkert :-) Spennende tider i vente også. Lykke til !!!!

Huset i Lunden sa...

Så fint det ble med flaggstangen; det var prikken over i'en på gården deres. Kjempekoselig med det gamle stabburet i bakgrunnen!
Ha en fin dag i ventetiden :o)

Mona

Åshild i bestemors hage sa...

Flagg må til, helt enig. Veldig pent tun også.

Åshild i bestemors hage sa...

Jeg har ikke så mye erfaring med pioner. Den vi har sto på gården da vi kom. Den ble gravd opp våren 2006 mens vi drenerte. Så ble den delt i tre og plantet igjen. Pioner vil helst stå i ro så det ble ikke blomstring det året. Jeg vet at pioner skal plantes ganske grunt, men ha god og veldrenert jord. Staudepioner fryser ned hver vinter. Jeg klipper ned stilkene først på våren, men det kan også gjøres på høsten. Da er det lett å dekke til rota med granbar for å hindre at den fryser. Du må sjekke klimasone.
Jeg har skrevet om Pioner i www.bestemorsplanter.blogspot.com. Dette er min hagebok, og den er ikke ferdig utfylt.

LIVS LYST sa...

K O S E L I G !!!

Jenta på Laug sa...

Nydelig,gjer seg jammen med flaggstang.Må me au prøve å få til etterkvart:)Koslege bilder!
Håpar dykk har det fint:)

-Mia- sa...

Så fint det ble med flaggstang!! Dere har et fantastisk fint sted!! Ønsker deg en fin helg og 17.mai! :-) KLEM

Prinsesse Vilikke sa...

Flaggstang er så fint!! Enig med deg at det hører med på et småbruk. Jeg ønsker meg også en flaggstang. Må bare renovere resten av huset først..

Maris gyngestol sa...

Så fint det ble! Helt enig med deg, flaggsstang er et "must"! :)

Ha en fin kveld!
-Mari

Related Posts with Thumbnails