søndag 13. september 2009

Det blå rommet

Då me starta prosjekt "Hæujen"var andre etasje berre eit stort, ope rom utan golv og veggar, men med mykje herleg glassvatt:-) Bror av Sjaven blei den heldige oppryddar, og med fullt verneutstyr gjekk han til verks. Og han klarte seg bra.



Eit soverom stod fyrst på programmet. Sjaven retta av golv, sette opp veggar, og la tak. Då me båe to kvalifiserar til medlemskap i Dei Høges Klubb, vil me ha best mogleg høgde under taka kons. Difor laga me "falske" bjelkar, og panelte imellom.



Fargar er alltid ei utfordring, og når sant skal seiast vel eg dei ofte på impuls. Einaste kriteriet for dette prosjektet var at det skulle vere eit roleg rom, og eg fann tilslutt ein eg har døypt kvile.
Rommet er for gjestane kons, og eg har prøva å halde fargetonane dempa og harmoniske. Virkeleg kvile for familie og gode vener:-)



Himmelseng har vore ein romantisk draum, og no lev eg han ut. Sjaven meiner det blir i meste laget for mannfolk- gjestene kons, men eg trur dei fleste kosar seg på rommet. Det gjer iallefall me!



Sengehimmel frå Ikea, stoffremser til pynt og puter sydd av herlege stoff frå fargerike butikkar på Grønland i Oslo, og sjølvsagt heklapledd frå mormor. Det ikkje fritt for at eg må "låne" rommet litt av og til sjølv...



På "nattbordet" ligg sengelektyre i form av interiør og prosa.
Mannen som solgte den skjønne krakken til meg, ønskja meg lukke til med å måle han, men dengong ei. Han passar perfekt i fargane!



Eit herleg, slitt spegel har fått plass på det gamle bordet. Får liksom ikkje nok av desse sjarmerande speglane...Tenk alle andleta som har sett seg sjølv i akkurat dette eksemplaret!



Som nemnt er eg glad i kontrastar, og då eg fann denne stolen på Finn.no blei det blå rommet litt meir meg. Grenser for duse fargar:-)
Filleryer på kvitvaska furugolv blir aldri feil, og her tek dei opp fargane frå stolen. Lunt, fint og praktisk, både for Sjaven, Sjova og... gjestene.


Må veka di ha mykje rom for kvile!
Sjova

2 kommentarer:

Brocante sa...

Jeg er helt enig med deg - alt for duse farger funker ikke for meg heller. Filleryer er alltid øverst på ønskelista nå jeg går på markeder - har etterhvert funnet mange fine gamle men trenger alltid flere. Får ikke for mange av dem. De skal jo vaskes og byttes ut også innimellom. Stolen så tøff ut!

Bless by Tone sa...

Dette synes jeg var et vakkert soverom, jeg synes også det er vanskelig å velge farger. Trives ikke så godt med alt i hvit - og liker de gamle romantiske fargene

Related Posts with Thumbnails