tirsdag 15. september 2009

Prosjekt gamal planke



Er det noko me har mykje av her på bruket så er det gamle plankar! I alle moglege fargar og fasongar. Og at dei berre skal liggje under låven eller i vedskjulet er for gale.
Det skal seiast at Sjova er glad i å lage mat,(ete den og) men dei altfor mange oljeflasker og sausar hopa seg opp på benken og trong ein stad dei kunne samle seg.
Det fekk dei.



Nokre grøne plankar, spiker, ei sag og ei finerplate til botn gjorde susen, og kassa blei rommeleg nok til alle flaskene mine.
Neste prosjekt er å finne ymse flakser som ser betre ut enn plastflaskene frå Asiamat,
men det er ein veldig fin vinteraktivitet:-)



Sette kassa på ei rist så det går lettare å flytte ho når eg bakar. Lagar ikkje så fort riper på benken heller; sjølv om det ikkje er det eg er mest opptatt av...
Uansett, prosjekt planke er igong! Eg elskar gjenbruk:-)

Vonar kreativiteten din står i full blom denne veka!

Sjova


3 kommentarer:

Brocante sa...

Så smart - det er spesielt fint når det er igjen litt farge syntes jeg. Det har lett for å hope seg opp med ting og tang på kjøkkenbenken så en kasse er praktisk. Du - så fint skapet ditt i forrige innlegg er - det ble virkelig flott.

LIVS LYST sa...

Og!.. (Bare meg igjen. hihi) Men har du meldt deg inn i NORSKE INTERIØRBLOGGER? Da blir du så synlig hver gang du legger inn en ny post.

Bare et tips fra meg. Du har kanskje gjort det alt eller har valgt å la være..?

Jaja. Thjoho- Ljo

Unknown sa...

Så smart kasse å ha kjøkkenting i.....også likte jeg den slitte grønnfargen så godt.
Klem...Ellen

Related Posts with Thumbnails