mandag 7. september 2009

Å skape ein heim er fantastisk og i tillegg kunne få til sin eigen arbeidsplass heime er for meg ein draum. Lange arbeidsdagar og mykje køyring gjev næring til denne draumen om å kunne ha ein liten gardskafe eller ein bruktbutikk i stabburet? Kanskje festlokale på låven?
Uansett ligg realiseringa eit stykkje fram i tid, fram til då må me jobbe:-)
Likevel; når ein møter nokon som har gjeve liv til draumen, tenkjer eg og at alt er mogleg...

Som denne inspirerande kafeen me kom over ikkje så langt unna Steninge i Sverige.



Det gamle fjoset var laga til ein herleg kafe med sitteplassar i båsane.



Hyllene kor ein fann seg vatn hadde både nye og gamle ting i skjønn harmoni. For ikkje å snakke om den gode maten; alt var heimelaga!



I den gamle mylla var det innreda galleri, og i resten av låven eit herleg gardsutsal med div. heimelaga produkt.



Hagen var ein draum med kvite møblar, herlege blomar, vatnfontener, og...ro.



Tenk om dette stabburet ein dag kunne vore arbeidplassen min? Foreløbig husar det alle dei gamle ting og møblar eg enno ikkje har plass til inn:-)


Eg er glad du kikka innom- må dagane vere fulle av inspirasjon for deg!
Sjova

2 kommentarer:

Brocante sa...

Har du vært på Lien og sett hva de har fått ut av låven og fjøset? God ide - fortsett med den ideen!

Sigrid sa...

Hei! Fikk tips om bloggen deres fra Brocante. Koselig å se deres oppussingsprosjekt, - ikke ulikt det vi holder på med. Mye jobb ja, men så får vi noen hus som har noe helt egent ved seg :) Lykke til videre, og geder meg til å følge med. Sigrid.

Related Posts with Thumbnails