mandag 26. oktober 2009

Eg ser raudt!















Favorittfargen til Sjova har alltid vore raud, men fram til no har ikkje den vore særleg synleg i huset. Det må det gjerast noko med! På soverommet.


















Som nemnt tidlegare er me på bruket igong med å byggje soverom,
og etter mykje leiting har me endeleg funne eit tapet me likar! Sidan me skal utvide huset etterkvart blir løysinga billig, men fin tapet på ein vegg istaden for måla panel.


















Nydeleg, gamalt broderi i glas og ramme til veggen.                                                                                 

Eit herleg sengeteppe som pr. dags dato ikkje kjem til sin rett, har vore utgongspunkt for fargane i tapetet. Gledar meg til alle dei raude tekstilane eg endeleg kan ta fram...














Ei slitt og skjønn bok til både bruk og pynt på nattbordet.














Me bur trass alt i Telemark og alle heimar her med respekt for seg sjølv må ha noko rosemåling. Denne "papirkorga" er måla av lokal og kjend målarinne.


















Eg kom over det her gardinbrettet på loppis ein gong, og det har sidan gjort nytte som hylle og pynt over senga. Eg er verkeleg utruleg glad i tradisjonsrik dekor og handverk; riktignok i kons eigen miks:-)


















Sjaven skal snart igong med å panele soverommet, og eg gledar meg som ein unge! Det blir lunt, varmt, personleg og... raudt! Kan det bli betre?

Eg vil takke for alle herlege kommentara frå de skjønne menneske-
DET FRYDAR KON STORT!

Ha ein god veke.
Klem frå
Sjova

5 kommentarer:

moa sa...

Rødt er koselig!
Og du hadde mange fine detaljer i røde nyanser!
Ønsker deg en fin uke -
Moaklem

Brocante sa...

Rødt er en varm og koselig farge. Da jeg sa jeg ville ha rød sofa i Frankrike SÅ alle på meg.... Det ble koselig da.

Gardinbrettet ditt var jo flott da - en riktig fin og uvanlig hylle.
Du har mange morsomme saker og ting - og løsninger.
God fortsettelse!

Sologbolig sa...

Så mange flotte detaljer i raudt. Likte godt tapeten du har valgt ut og gardinbrettet ditt var sjarmerande. Ha ein fin kveld, tennlys og kos deg.

Elin | Draumesidene sa...

Hei! Takk for hyggjeleg besøk på bloggen min! Måtte hit og kike eg då veit du! Likte umiddelbart bilder, og god tekst! La deg til på lista mi. Kjempespanande prosjekt de held på med! Lukke til vidare!

Klem frå Elin på Sunnmøre! :)

Livet i Fattighuset sa...

Rødt er en deilig varm og livsglad farge. Min favoritt også! Stakkars datra mi får ikke smake på rosa - alt er rødt hos oss :-)

Goooood helg fra Marie i Fattighuset

Related Posts with Thumbnails