torsdag 15. juli 2010

Siste nytt frå "Hæujen"


Om du trudde me hadde tatt kvelden for godt, kan eg berre avkrefte det med ein gong:-)
Her på garden har livet og arbeidet gått sin gong, men akkurat no er det ferietid. Sjaven har jobba hardt denne våren og det nærmar seg meir enn nokon gong nytt tak!


Store delar av trotaket er bytta og alle utstikka( eller kva dei no heiter)er skøyta og forlenga slik at taket kjem til å stikke noko lenger ut enn tidlegare. Utruleg kva ei slik lita endring har å seie for huset sin harmoni.
Tegelstein stod høgast på ønskjelista kons, men litt sig i takkonstruksjonen eliminera det valet, og me enda opp med Decraplater i tegelfarge som det beste alternativet- gledar meg!


Eit grasdekt gardstun er ein draum for mange, men eit mareritt for kon som bur midt i det.
Kvar vår og haust har tunet vore ein einaste søyledam og me har måtta sperra av heile området til vårsol eller tæle atter gjorde det framkommeleg. No er endeleg dei dagar forbi!
Lillebror og svoger har gravd opp tunet, me har fylt på med x- antal lass pukk og no køyrd utover mykje grus. 


Eit heilt nytt tun! Eg er skikkeleg nøgd med grusen som blir ljosare enn på bilete etterkvart som regnet vaskar bort subbusen. Under eika har eg sådd gras, og her skal me sette opp langbord og benkar til sommarmåltid i skuggen:-)


Eg er blitt meir og meir glad i naturstein, og me lagar no veg fram til inngangsdynna av desse. Dei er tunge, og det er eit skikkeleg puslespel før det "stemmer", men dei kjem til å lyfte inngangspartiet fleire hakk. Berre eg blir ferdig...

Men no gidd eg ikkje tenkje på det! Det er ferie, og me treng å hente nye krefter og energi til arbeidet som ligg framom.
Ønskjer deg ei strålande sommartid vidare:-)

Klem frå 
Sjova

8 kommentarer:

Mia, New Room Interior sa...

Kommer til å bli helt nydelig hos dere.. eller det er jo igrunn allerede det! :-) Nyt ferien! Klem

Bringen Blomster sa...

Så fint du har det:) Er sannelig mye jobb å pusse opp, men så godt når man endelig blir ferdig :)
-synnøve-

Kathrine sa...

Dæven døtte som dere jobber! Det får en virkelig si!! Lekkert blir det med naturstein opp og grus på gårdsplassen!!

Hvit Villa sa...

Åå, så hyggelig med et innlegg fra deg igjen! Her går det jammen framover, helt uttrolig hvor vakkert huset blir...tilbake til sin fordums pomp og prakt! Herlig!

Sigrid sa...

Koselig med oppdatering! Ønsker dere fortsatt god sommer!

Livet i Fattighuset sa...

Hei, så fint å høre fra dere igjen :-) Nå blir det virkelig fint. Det er deilig å få "ryddet" ute, det er ikke så mye som skal til før det blir bra. Enig i tankene dine om naturstein. Jeg er blitt helt steingal og kikker etter flate steiner hvorhen jeg enn går.

Ha en fin helg!
Marie

LIVS LYST sa...

ÅÅÅÅÅ!! SÅ FINT DET BLIR NÅ! NÅ VIL JEG PÅ BESØK!!

Brocante sa...

Hei - MÅ spørre deg - ligger gården deres mellom Flatdal og Seljord - langs 134? Kjørte der i helgen - hadde vært på besøk hos tante Emma i Flatdal en liten tur. Hun er Seljord's eldste innbygger - over 100 år! Kjørte forbi et koselig sted som hadde fått ny grus....

Related Posts with Thumbnails