tirsdag 23. november 2010

Jolebrau


Eg er i eit utruleg jolemodus for tida, og kan ikkje hugse at eg nokon gong har gleda meg så mykje til jol!
Og halve moroa med jol er alle førebuingane.
På bakefronten er berre peparkakehuset ferdig, men i dag sette eg igong med å bake brau(= flatbrød)


Eg har alltid elska å lage mat, men då eg for nokre år sidan studera tradisjonsmat ved Høgskulen i Rauland opna ei ny verd seg for meg! Vi har ein fantastisk mattradisjon i dette landet som må fram frå støvet att. Kan vi la hurtigmat og alle verdas smakar utslette det reine og genuint norske? Eg er langt frå nokon fanatikar i matvegen, og slår heller eit slag for  både-og, istadenfor anten- eller. Men til jol er det ekstra stas med  mat frå botn...


Før i tida reiste eigne bakstekjerringar rundt på gardane og baka opp haugar med brau som husfolket skulle overleve på i fleire månader. Då kvenna kom, fann ein ut at det var betre å bake brau enn å lagre mjølet då det raskt kom utøy i det. Brau åt dei til alle måltid, og om det var dårleg stell elles var dei aldri HEILT matlause om dei hadde brau på buret.


Eg hadde ikkje sagt nei takk om ei ekte bakstekjerring hadde kome på dynna her, for det skal seiast at å kjevle brau er ein kunst. Det heitte at dei skulle vere å tynne at ein kunne sjå både sol og måne gjennom dei, men læring gjer meister, og om ikkje anna kan ein skimte ljos gjennom mine:-)


Brau skal langsteikast for å bli skikkeleg sprøtt, og blir det lagra mørkt og tørt kan det halde seg i lange tider.
Baktsefløyane eg brukar fann eg på stabburet kons etter at vi overtok garden. Dei er rett og slett perfekte i storleik og utforming, og ekte heimelaga. Tenk på alle brau- og klingleivane dei har frakta frå bakstebord til takke!Det er godt å føre den tradisjonen vidare.
 

Vatn og mjøl, meir skal ikkje til for å lage herleg brau. Så enkelt og samstundes så godt. Ein kan variere med uike mjølsortar, og tilsetting som potet og mjølk, eller ta han heilt ut med urter og krydder. Sjølv går eg for det enkle, reine som passar til alt. I dag baka eg såkalla festbrau, med berre kveitemjøl, noko som passar fint til jolehøgtida.


Det meste er godt til brau, og idag smaka Vossafår med lettmajones fortreffeleg!No spørs det berre om stabelen får stå i fred heilt fram til jol...
Uansett- bak brau du og!

Sjova
 



15 kommentarer:

Astri Moseidjord - Lensmannsgården sa...

mmmm,så kjempe godt ut.. Å man må være tålmodig og flink for å lage de perfekte ;-) Bruke flattbrød til det meste jeg... Særlig til spekemat. Blir ikke det samme uten flattbrød og rømme..
Har du en grei oppskrift du kan publisere? Som ikke klisser, og er grei å jobbe med?
Hilsen Astri

Lene sa...

Jammen er du flink. Hadde aldri hatt tålmodighet til å lage flatbrød.

Sologbolig sa...

Dette såg godt ut. Besto mi b laga flatbrød. Ikkje noko var så godt som hennas flatbrød, enten vi åt dei harde med brunost og sukker på, eller mjuke (bløytt i vatn) med egg på. mmmmm!! Eg har prøvd meg eg også, men eg er ikkje så flink, så mine vart heller tjukke !! ha ei fin førjulstid.Klem

Lenemora sa...

åhh så gøy å se, synes du er superflink! Ble skikkelig sugen på heimlaga flatbrød nå!
Mye jobb og mye nytelse etterpå - ingenting er som heimlaga!
Kokeboken min er satt sammen av nye og gamle oppskrifter som jeg liker godt selv og som jeg bruker. Boken formidler mer enn oppskrift - stemning på kjøkkenet gjennom året.
Ha en fin førjulstid!

P.S Legger meg som følger, dere bor på et nydelig sted!

Klem Lenemora

☆Therese sa...

Så flink du er til å bake!!! Jeg har ikke baka noe som helst til jul ennå...... Men det kommer ;o)

Takk for koselig hilsen hos meg, lyspærene på Nud ledningene mine er fra Orrefors og jeg har kjøpt dem hos Rått & Sanselig, en butikk i Larvik.

Ha en forsatt god uke!

Mitt hvite hus sa...

MMM dette så bare så godt ut... min far baker flatbrød og det smaker himmelsk..

Klemmer =))

Randi sa...

Hei du
Fant deg gjennom Livs Lyst.
For en vakker plass dere bor på...en drømme plass for sånne som meg som elsker det gamle og slitte.

Syns no jeg kjenner lukta av nystekt flatbrød. Heldig er du som kan den kunsten.

Lette etter det tipset Liv hadde lagt inn jeg...men fant mye annet fin her da:-))

Her skinner solen...det er 10 sprettkalde minusgrader....men ut på tur må vi..kjenne lyset og sola i ansiktet:-)

Ha en fin fin dag

Brocante sa...

Skal du bake kling også? Det er bare så godt - og ingen lager kling som dere i Telemark!

Ruter & Hjerter sa...

Så flink du er! har ei venninde på møsstrond som skulle te å bake brau nå hu og! blir litt inspirert og burde vel låne takka til mor:) stå på!

Mia, New Room Interior sa...

Såå flink du er!! Imponert!!! Og det så såå godt ut!! Ha en super kveld! Klem

Anonym sa...

Flatbrød må til ja. Dei er i boks hjå oss og kling vart det om laurdagen. PS. Har joleførebuingsgleda noko med neste år å gjera kanskje? Har hørt rykte om hendelsar på Brekka og gledar kån med dekkan. God adventstid ønskes frå Framistugu. De e kjempeflinke. Det blir så gjennomført fint! Aud Aasne

Livet i Fattighuset sa...

Nydelig, dette så bare helt fantastisk ut! Virkelig godt :-)

Marie

Huset i Lunden sa...

Så flink du er! Dette så kjempegodt ut.
Vi fant både bakstefløyer og rillekjevle i huset vårt, men jeg har ikke forsøkt meg på flatbrødbaking enda. Nå ble jeg veldig inspirert, så kanskje det blir hjemmelaget flatbrød her også til jul ;o)

Mona

Blått til lyst sa...

Koselig!
Godt så det også ut. Rullen, rallen, undersmygar, smikjedallen - som min svigerfar sa hver gang takka kom fram. Være seg til kling eller brau *s*

Sologbolig sa...

Hei!
Eg er innom for å ønska deg ei fin og triveleg jul. Kos deg! Juleklem fra Sigfrid

Related Posts with Thumbnails